
Ny felles nettside for Holsen
No samlar vi nyheiter, aktivitetar og dokument frå laga i grenda på éin stad.

Det som skjer i grenda og i laga.
Foto: Atle Holsen

No samlar vi nyheiter, aktivitetar og dokument frå laga i grenda på éin stad.

Statens vegvesen har bolta fjellsida der vegen var stengd i oktober. No er det tryggare å ferdast der.

Sundag 11. oktober opna ordføraren den nye hinderløypa ved Holsen skule. Mykje folk kom for å prøve anlegget.

Etter rundt 300 dugnadstimar står gapahuken og plattingen ved skulen og grendahuset klar til 17. mai.

20 born og minst 30 vaksne møtte opp på vårdugnaden ved skulen, kyrkja og grendahuset.

Holsen og Haukedalen samla inn 6 478 kroner til Fasteaksjonen i år, mot 3 808 kroner i fjor.

Ei ny dugnadsordning for veglysa vart prøvd ut i mars. Lyspærer og lamper er skifta i Nydalen, Fletene og Skorpa.

Idrettslaget sel snøscooteren etter vedtak på det ekstraordinære årsmøtet i november.

Basaren på Holsen skule gav 17 500 kroner til årets TV-aksjon.

Etter ein vinter med høyring om skule- og barnehagestrukturen i Sunnfjord er det klart at skulen og barnehagen i Holsen held fram.