Hopp til innhaldet
Holsen
← Alle nyheiter

Nye lyspærer langs vegen

Ei ny dugnadsordning for veglysa vart prøvd ut i mars. Lyspærer og lamper er skifta i Nydalen, Fletene og Skorpa.

Vegljosnemnda har ikkje lenger medlemmer. Difor vedtok årsmøtet i grendalaget å prøve ei ny ordning: styret kjøper inn pærer og lamper og leiger lift, og frivillige gjer sjølve jobben.

Laurdag 21. mars vart ordninga prøvd for fyrste gong. Mange nok melde seg, og pærer og eit par lamper vart skifta i Nydalen, Fletene og Skorpa.

Kan du køyre lift eller kople lamper? Gje beskjed til styret i grendalaget, så blir det lettare å få til neste lysdugnad.

Del