Sundag 11. oktober opna ordføraren den nye hinderløypa ved Holsen skule. Mykje folk kom for å prøve anlegget.
Sundag 11. oktober opna ordføraren den nye hinderløypa ved Holsen skule, og mykje folk frå heile bygda kom for å vere med og prøve anlegget.
Idrettslaget har jobba med hinderløypa sidan 2024. Anlegget kosta rundt 700 000 kroner og er i hovudsak finansiert med spelemidlar og gåver. Monteringa vart gjort på dugnad i august og september. Grendalaget står som eigar av anlegget, medan idrettslaget har det praktiske ansvaret.
Firda var til stades og har skrive ei sak om opninga.
Takk til alle som har bidrege med søknader, planlegging og dugnadstimar.
