Hopp til innhaldet
Holsen
← Alle nyheiter

Gapahuken ved grendahuset er ferdig

Etter rundt 300 dugnadstimar står gapahuken og plattingen ved skulen og grendahuset klar til 17. mai.

Der brakkeriggen til barnehagen stod tidlegare, står det no ein flott gapahuk med platting og tak. Grendalaget gjorde ein avtale med kommunen hausten 2025: kommunen dekte delar av kostnaden, og grendalaget tok ansvaret for bygginga.

Arbeidet starta i september 2025. Sidan har bygdefolk stilt opp kveldar og helger med drill, hammar og sag. Til saman har det gått med rundt 300 dugnadstimar, i tillegg til mykje administrativt arbeid.

Gapahuken vart ferdig til 17. mai og blir brukt av barnehagen, skulen og alle i bygda. Skulen og barnehagen har takka for anlegget, og Firda har skrive om dugnadsinnsatsen.

Takk til alle som har vore med!

Opne Holsen skule i større kart
Del