Etter ein vinter med høyring om skule- og barnehagestrukturen i Sunnfjord er det klart at skulen og barnehagen i Holsen held fram.
Vinteren 2025 sende Sunnfjord kommune skule- og barnehagestrukturen ut på høyring, og Holsen skule og barnehage var blant dei som vart vurderte.
Foreldra i FAU og grendalaget engasjerte seg. Dei sende innspel på vegner av bygda, møtte opp på folkemøte og tende eit fakkelhjarte ved skulen. Eit viktig poeng var at borna frå Haukedalen alt har bytt skule éin gong, då skulen deira vart lagd ned.
Den 27. mars kom avgjerda: Holsen skule og barnehage held fram. Takk til FAU, grendalaget og alle som bidrog.
